LivOGLyst midlar til Fjelberg Bygdalag

Dei 100 innbyggjarane på Fjelberg kan gle seg over at øyane no er tekne inn i varmen i det store «LivOGLyst»-prosjektet. Dette utløyser betydelege tilskot.

 

Denne veka bestemte leiinga i «LivOGLyst», som er eit prosjekt finansiert av Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og Sparebanken Vest, kva bygder som får pengar i denne omgang. I Kvinnherad nådde søknaden frå Fjelberg fram.

 

Inngangsbillett

– Kjempebra, dette er verkeleg inspirerande, seier ein glad Arve Fosse, leiar Fjelberg Bygdalag og i styringsgruppa for Fjelbergøyane sitt prosjekt. I 2010 får gruppa tilført 70.000 kroner blanke kroner frå «LivOGLyst» sentralt, noko som igjen resulterer i 20.000 kroner frå Kvinnherad kommune. – At vi no er komne inn i «LivOGLyst » gjev oss vonleg ein inngangsbillett til sjølve hovudprosjektet neste år. Det vil i så tilfelle gje oss ytterlegare 110.000 kroner årleg i tre år framover, opplyser Fosse. «Med LivOGLyst mot eit framtidsretta Fjelbergsamfunn » er overskrifta på søknaden. Der vert det skissert fleire aktivitetar og tiltak, til dømes: Auka innbyggjartalet til 110 innan 2013, sikra og utvikla arbeidsplassar, fremja trivselstiltak ved å skapa nye møteplassar, behalde kjerneinstitusjonar som barnehage, skule og butikk. Dessutan vil ein marknadsføra Fjelberg på ein god måte. – Fjelberg har mykje fin og variert natur som kan marknadsførast betre enn i dag. Naturstiar til Borgundnuten og Påskåsen, kulturskattane Fjelberg Prestegard og Fjelberg kyrkje er blant attraksjonane vi bør fremja. Ein ynskje er å nytta prestegarden og kyrkja i mykje større grad til kulturelle aktivitetar, nemner

Fosse.

 

Fjelberg Park

Vedlagt søknaden er skissa for det som vert kalla «Fjelberg Park». Parken, som er tenkt lokalisert i nærleiken av skulen og bygdahuset, kan innehalda alt frå akebakke og skeisebane til hinderløype, skate- og sykkelplass og froskedam. – Ideen bak denne parken er det FAU som kom med. Forslaget er veldig godt, og bygdalaget er klare til å inngå eit samarbeid med FAU for å få realisert parken. Dette trur eg absolutt er realistisk å få til, og FAU har allereie samla inn ein del pengar til dette tiltaket, fortel Arve Fosse. Arbeidet med dei ulike delmåla startar no for fullt. Hovudfokuset vert sett på jobben med å auka folketalet.

 

 

 

«LivOGLyst»-midlar til Fjelberg

Vil ha eit reint Fjelberg

På årsmøtet i Fjelberg bygdalag kom det fram ynskje om at bygda skulle få til ein ryddeaksjon langs vegar og turstiar. I tillegg vart styret oppmoda om å kontakte SIM for å få lov til å planera området der hytte og  glascontaineren er plassert. No har SIM sagt seg viljuge til å dekka utgiftene til graving og planering av området - under føresetnad av at bygdalaget organiserer arbeidet. – Fjelberg bygdalag har fått på plass plakatar, slik at både fastbuande og andre får opplysningar om korleis boss og anna som skjemmer naturen skal handterast. Då vert Fjelberg ryddigare og reinslegare for alle, fortel leiar i bygdalaget Arve Fosse.