Sirkus Ronaldo
"Sirkus Ronaldo" imponerte igjen . Søndag 20.juni hadde dei sin tiende opptreden , i regi av Brekke oppvekstsenter.
I strålande solskin med litt kjølig vind , blei me tatt imot av små aktørar og fekk utdelt program. Så var det salg av billettar, popcorn og juice, før sirkusdirektør " Bjørn-Hildur" ynskte velkommen , og showet starta. -
"Emil fra Lønneberget" var der med fantestrekene sine, og ein kirurg måtte operera ein dårlig mage . Ei kjent malerinne mala ein umulig modell , som ikkje ville lystra , og skjønne "småfiskar" beit på agnet til ei sirkusprinsesse. Ein katt som bare kunne gå på to bein var òg innom.
Publikum kosa seg , og blandt dei var ordføraren vår , Synnøve Solbakken m. ektefelle. Etter forestillinga var det servering av kaffi og kaker , og ein utloddning til inntekt for oppvekstsenteret.
Flott arbeid av arrangørane!