17. MAI

Det blei ei fin 17.mai feiring i Fjelberg også dette året . Grønt i liene og på bakkane , med innslag av gult og kvitt , laga ei fin ramme rundt feiringa. Og veret vart som me håpa på, - om enn litt kaldt innimellom. Mange hadde kledd seg i bunad , som blei representert frå mange deler av landet , i forskjellige fargar. 

 

På Bygdahuset stod ein trufast komitè og serverte suppa til alle som ville ha. Det var ekstra mykje folk , og "litlesalen" måtte takast i bruk under middagen . - Talar for dagen var tidlegare lærar og sambygding , Bjarne Skjold , som heldt ein tankevekkande og god tale. Han avslutta , med hjelp av kona Olaug , med å syngja ein sjølvlaga song om øysamfunnet her, - til eigne gitartonar.

 

Blåsebandet var som vanleg på plass , og me registrerte at dei blir bare bedre og bedre , - nydelige tonar !

-Takk til alle , for fint samver.