TURSTIARFjelbergøyane

Turløype Borgundnuten

Ny og oppgradert tursti over Borgundnuten skal vere klar til 1. mai 2010.

Start og mål ved Sjøstova (sjå kart)

Mange infostopp undervegs og på toppen.

Løypa opp går som før, men til returen får du tre val:

 

  1. Retur ned samme vegen du kom opp.
  2. Vidare på merka løype nordover til Katta-nakken med utsikt frå Preikestolen.Vidare til skogsveg mot idylliske Møllesvik, og derifrå på skogsveg / veg attende til Sjø-stova. Høve til å sjå Krekjahaugen, ein vidgjeten gravhaug frå folkevandringstid.
  3. Eller vidare på merka løype til Storetjørn, med làvo og rasteplass i nærleiken, og derifrå på skogsveg ned til Øvre Aksdal. Vidare på merka løype til utsiktspass ovanfor naustet på Askje, og derifråHondastien, no omdøypt til Tjerand Aske-stien, til Møllesvik. Derifrå som alt. 2. Mange infostopp i begge løypene.

 

 

Sæbøløypa

Heilt ny løype, skal vere klar til 1.mai 2010.

Start og Mål på Reset (ved skulen)

Infotavler og skilt ved start( Kvilesteinen)

 

Løype med mange infostopp om natur- og kulturdetaljar undervegs. Frå kaien på Sæbø vidare langs Øvrabøvika og Gjerdsvågen til

Bjøllebøvågen.

 

Retur via hovedvegen attende frå Gjerde til Reset. Mange flotte kulturminne.

Nytt kart over løypa vil kome våren 2010

 

Dette kartet, saman med annan informasjon, vil vera oppslege på infotavla på kaien ved Sjøstova. Kart kan kjøpast på butikken

 

 

 

 

 

 

 

                                                                       

Aksdalsløypa

 

Skal etter planen vere ferdig våren 2011, og vil også starte på Reset.

 

Løypa vil fylgje gamle Aksdalsvegen til nedre Aksdal, med høve til ein snartur ut til Askje, garden til den vidgjetne Tjerand Aske.

 

Vidare sørover på merka veg/ sti til  Svinehagen, med gravfelt og spor etter vadmåls-stampe.

 

Vidare sørover gjennom den vidgjetne Sæbøskåra: Ei lang, sørvestvendt og solrik li med spesielt god jord og frodig vegetasjon. Derifrå vidare på sti / veg attende til Reset.

 

Mange infostopp, både om kulturminne og spesielt om flora undervegs

Krekjahaugen, mot Fjelbergsund

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjelbergløypa

 

Skal etter planen vere ferdig våren 2011, og vil starte  ved ferjekaien på Fjelbergøy.

 

Løypa vil fyrst gå innom Fjelberg prestegard. Deretter på merka sti til toppen av Påskeåsen, og deretter over Lågås til utsiktspunktet på Høgåsen. Vidare på merka sti til bade-og rasteplassen i Grunnavåg.

 

Derifrå til skogsvegen mot Breivika og Nordhus. Av-stikkar til badeplassen Rossnespøylo vert vurdert.

Løypa vil gå framom den gamle lensmannsgarden att-ende til ferjekaien.

 

Mange infostopp ved kulturminne

KvernhusetHammarsland

 

 

 

 

Følg med på oppdateringar av denne tursida

 

Åsatrimmen, Halsnøy O-lag  Tekst og foto: S. Robberstad